Birtedalen sti- og løypelag køyrer opp omlag 30 km med skiløype.
Løypene blir oppkøyrde så fort det let seg gjere, og så lenge det let seg gjere, med tanke på snoforholda.
Du finn oppdatert kart over løypa så fort den blir køyrd opp for sesongen.
Kjem du med bil og treng parkering bør du parkere på Søgardsplassen på Kile. Denne plassen blir brøytt til dette formålet. Her er parkeringsavgift kr 50,- i betalingkasse eller #119929 på VIPPS .
Der er og mogleg å parkere ved Solliåsen, Langberget, Fisketjønn og Birte.
Her er same parkeringsavgifta som på Søgardsplassen.
Det er oppslag med kart rundt omkring i løypa.
Her finn du nyaste oppdaterte informasjon frå skiløypa.
Vi har fått utarbeidd sti- og løypeplan for Birtedalen og arbeider ut frå denne.
Mange kjem med andre ynskje enn dei løypene vi har i dag, og som ikkje står i planen.
Nå har vi 4 lag som køyrer. Skulle vi hatt fleire løyper må vi ha meir mannskap og meir utstyr.
Det kan vi ikkje klare nå.
Birtedalen sti- og løypelag søkjer kvart år om stønad frå Fyresdal kommune til løypekøyringa.
Vi arrangerar basar og får stønad via grasrotandelen.
Hovudinntekta er den friviljuge løypestøtta vi får inn. Det er desse inntektene som gjer at vi kan halde oppe løypene og stadig utbetre dei. Vi oppmodar alle som nyttar løypene om å betale inn denne stønaden.
Om du ikkje brukar løypene, men set pris på arbeidet som blir lagt ned i Birtedalen er vi takksame for all stønad.