Birtedalen ligg vest i Fyresdal kommune og Birtedalen blei kåra til kommunens friluftslivsområde i 2015. Her er gode stiar, fin natur, gode fiskevatn og hyggelege folk. Birtedalen sti- og løypelag ynskjer å gjere stiar og løyper i Birtedalen meir tilgjengelege for alle som vil ut!
05.12.19 Årets løypebrev er av det enkle slaget. Det blir lagt ned mykje arbeid med å drive laget. Det vere seg løypekøyring, "veirrapportar", søknader, løypekart og diverse arrangement i Birtedalen. Vi håper på di støtte!👍
For å drive laget og halde oppe aktiviteten treng vi støtte. Løypestøtte for 2020 er kr 500,- pr hytte (hytteeigaren) + kr 100 pr vaksen løypebrukar. Kontonummer er 2801 13 99691. Vipps #119928 Vi kjem kun til å påminne om løypestøtte på facebook og oppslag langs løypa. God tur i flotte løyper og natur :)
12.11.19 Nå har vi hatt pause lenge,,,, frå dugnad,,, syns vi :)😅 Vi har ikkje liggi på latsida når det gjeld papirarbeid. Det betyr at avtaler er i boks og vi kan begynne å rydde trase til ny bru i sørenden av Birtevatn. Sjølv om det snoar, satsar vi på ein dugnad laurdag 16.11 kl 10.00. Ta med motorsag og ryddesag. Oppmøte parkeringa ved Birte. Vi spanderar pylsur og kaffi..
08.05.19 Då ligg endeleg årsmøtepapira ute på heimesida. Gå til fanen Om Bsl/kontakt så finn du dei.
12.02.19 Du kan finne kart over skiløypa i Birtedalen på www.skisporet.no. Dette kan du laste ned som ein app på telefonen, så kan du sjå akkurat kor i løypa du er. Vi har ikkje teke i bruk varslinga om når løypa er køyrd opp. Det gjer vi på facebook. Vi har og sett opp nokre kart rundt om kring for å kunne orientere deg undervegs på turen.
06.01.19 Her kan du lese løypebrevet for 2019. Du finn det her
Lurar du på korleis veirmeldinga er for dagane som kjem kan du sjå den for Øvre Birtedalen.