Kjem du til Birtedalen om sommaren kan du gå i fjellet, padle, fiske, plukke ber, bade og nyte frisk god fjelluft.
Turistforeninga i Aust-Agder har fleire av sine hytter i nærområdet. Hengeltjønn, Granbustøyl, Nutevass og Nystøyl.
I Birtedalen har vi tre av mange merka stiar til fjelltoppar i Fyresdal, Nasefjell, Jåmsfjell og Kviptefjell.

Nasefjell 916 m.o.h. - Breiviksheia
Tak av FV 355 mot Birtedalen. På det høgaste punktet, etter 18 km, startar turen. Stopp ved skiltet og parker her.
Fylg blått merke i sydeleg retning. Ein ser den flotte varden i god tid før ein er der. Det er høve til å bade når ein passerar småtjønnar.
Rundtur, eller same veg tilbake. Like flott tur sommar som vinter.
- Totallengde: 8 km
- Stigning: 240 m
- Terreng: Lang lett tur
- Gangtid: 4 timar
På Ut.no ser du meir informasjon og kart over turen over Nasefjell

Jåmsfjell 936 m.o.h. - Øvre Birtedalen
Fylg FV 401 til Løkjedalskrysset. Køyr mot øvre Birtedalen, ca. 4 km, og ta til venstre over brua mot Birte.
Parkering i sørenden av Birtevatn. Fylg blå- og raudmerka stig ca. 1 km der den blåmerka stigen tek til høgre mot Jåmsfjell.
Siste del av stigen går i lett, ope fjellterreng med vid utsikt. Toppturboka ligg i ein tre-/steinvarde.
- Totallengde: ca. 6 km
- Stigning: 300 m
- Terreng: Middels krevjande
- Gangtid: 3 timar
På Ut.no ser du meir informasjon og kart over turen over Jåmsfjell
Kviptefjell 903 m.o.h. - Øvre Birtedalen
Køyr til Birtedalen frå FV 355. Fylg skilting til Kvipt Gjestegard. Her er det bomkasse med betaling. Turen startar like før Kvipt Gjestegard. Fylg gamal tydeleg gangstig forbi garden, langs vatnet og opp Kvipteskar. På toppen gjeng ein til høgre ved skilt.
Fylg stigen vidare langs rista/fjellryggen og gå ned mot Kvipt på andre sida. Flott rundtur med enorm utsikt.
- Totallengde: 5 km
- Stigning: 280 m
- Terreng: Halvlang, middels krevjande
- Gangtid: 3-4 timar
På Ut.no ser du meir informasjon og kart over turen over Kviptefjell